Søndag 18. November 2018 - 01:33  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Mamatemål

Jord som opphevleg gav 1 mann mat i 1 månad (brukt om skyld).

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Hauadammen

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_7_132
Skrevet av Elias Vaage - 19.05.2008

Ved Hauadammen, som ligg like attmed krambua, var ein stad som ungane lika å leika med småbåtar (flattkonter). Men det var ein farleg leikeplass. Mødrene våre var naturlegvis redde for oss. Dammen var djup og stor. Ingen vaksne stod botnen i den. Han Peder Berge vassa uti attmed land, for å berga han ”Olav te Jette”. Men han nådde ikkje ut til han. Heldigvis kom han Nils Bråten. Han bykste uti og fekk berga Olav.


Ein annan gong var det jentungen til Jonny Melhus som datt uti dammen. Mora Kristine kom springande og hoppa uti for å berga henne. Men ho kunne ikkje symja. Båe to held på å drukna. Eg hugsar det godt. Nokre mannfolk kom til og fekk berga dei. Eg ser for meg mora stå der attmed krambua og stødar seg til ei parafinstønna og gret. Jonny og eg gjekk i folkeskulen saman. Ho lever enno (2004) og er 92 år. Ho har 31 oldebarn og 2 tippoldebarn.

    Ein annan gong var det min tur. Eg kunne nærpå drukna. Eg var komen meg utpå isen, fortalde han onkel Hans Jakob. Isen var ikkje sterk nok og eg gjekk under. Onkel kom i siste liten og fekk berga meg.