Tirsdag 19. Januar 2021 - 15:31 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Ein livsfarleg leikDette hende i 1918-19. Kjetil Elvesæter var i 6-7-års alderen. Han leika saman med andre ungar nede i malmdungane ved lastekaien. Leiken og sporten var å hengja seg på tomkibben frå den eine malmdungen og så sleppa seg, når kibben var rett over den fyrste dungen (Ein kibb er ein malmbeholdar med hjul på som blei dratt på ei vaierlina).
Peder Skeie sat på kontoret og ser at linebanen var stoppa. Han ser at ein gutunge hang i ein kibb. Det var stor oppstuss der borte på sletta (nær det nåverande Lyngsenteret). Kvinner kom med dyner, som det beste og einaste dei visste å hjelpa gutungen med, som hang der i kibben. Då Peder kom springande ropte han til guten: ”Slepp deg!” Og guten slepte seg og fall i fanget til ”livreddaren”. Det må ha vore ein kraftig påkjenning, både for han som tok imot og for han som kom dettande med stor fart, og med sine ca 20 kg frå ei høgd på omlag 8-9 m -- . Båe to fall sikkert til jorda. Men guten berga livet. Han sprang bortover marka, utan mein, som om ingen ting hadde hendt. Men ”livreddaren” som tok imot fekk seg nok ein god trykk. Men han klaga ikkje. Lukka hadde vore med, meinte han. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||