Tirsdag 20. November 2018 - 12:21  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Gard

Mest brukt om matrikkelgard, men nokre gonger òg nytta om eit bruk.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

På sjølvstyr

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 79_7_122
Skrevet av Elias Vaage - 19.05.2008

Det hadde regna lenge. Sluken som skulle ta unna vatnet rundt kontorbygninga åt Vigsnes Kobberverk var tetta til. Så det var blitt til ein stor dam på sørsida av kontoret.

    To smårollingar, Nils og eg i 5-6 års alderen, hadde tatt oss ein tur nedover mot kontorbygninga. På vegen prøvde me, som dei vaksne ofte gjorde, å balansera på skinnegangane, som låg der enno frå gamleverket si tid. Men balansekunsten vår var ikkje så bra den gongen.

    ”Men sjå der Nils – der er er ein stor dam! Koman, la oss gå ned og sjå.”

    Det stod ein vaksen gut attmed dammen. Det var jo han Sivert. ”Er smågutane ute og går? Det er ein fin dam, ikkje sant. Kan dokke vassa”, spør Sivert. Jo, me hadde forferdeleg lyst til det. Men me våga det ikkje. ”Nei, dokke er vel redde til det. La meg sjå om dokke kan”, lokka han Sivert.

    Me såg på kvarandre. Han Nils våga seg litt ut i vatnet. Fyrst med den eine, og så med den andre skoen. (Men i den tida hadde me ikkje tette gummistøvlar, slik som dei har i dag.) ”Ja, det var flink gut det”, seier han Sivert. Og eg ville naturligvis vera like godt som han Nils og gjekk ut i vatnet med begge føtene. ”Ja, det var flinke gutar”, seier han Sivert. ”La meg få sjå om dokke kan gå lengre uti”, seier han. ”Nei, dokke kan vel ikkje det. La meg få sjå”, lokkar han igjen. Og Nils går lenger ut i dammen, så vatnet går like opp på leggen. Og eg ville sjølvsagt vera like god som Nils. Eg vassa uti eg og.

    ”Ja, det var flinke gutar”, gjentok han Sivert med ein lur smil. ”Kan dokke setja dokke ned i vatnet og?”, spør han. ”Nei, det kan dokke vel ikkje. Lat meg sjå om dokke kan”, lokkar han vidare.

    Me såg på kvarandre. Det var jo så gøy å få skrøyt. Nils var modigast. Han sette seg beint ned i vatnet. Deretter gjorde eg det same som han. ”Ja det var flinke gutar”, lo han Sivert.

    ”Nå kan dokke gå him og få juling!”, sa han og sprang sin veg. Kanskje han ”gotta” seg over at han hadde greid å lokka to smågutar til å gjera det dei ikkje hadde lov til? Eller kanskje han Sivert trega då han hadde lagt seg om kvelden?

    Heime var mødrene våre blitt engstelege for oss. Kor var det blitt av dei? - Men der kjem dei! Noko slukøyra er dei båe to. Det synest på lang avstand.

    Og der stod eg på krambuå framføre mor, skamfull og våt, så både vatnet og synda draup av meg. Eg venta nok på pryl inne i ”svartaholet” (eit rom innanfor krambua). Men nei, det vart ikkje juling, som Sivert hadde sagt. Mor var vel glad at ho hadde guten heime att. Ho fann turre klær og mat åt meg. Eventyret hadde enda godt