Torsdag 18. August 2022 - 13:23 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Skulen og riset bak speiletGamlekarane fortalde om skulen, om lærarane – og om ”riset bak speilet” Dette riset har eg sett. Etter det eg minnest bestod riset av eit blylodd med tappar på. Loddet var festa til ei taustropp til å halde i.
Eg veit ikkje om det vart brukt nokon tid. Men i eit tilfelle vart bjørkelimen brukt. (Ja, det var i den tida at slikt kunne gjerast. I dag hadde læraren kanskje fått fengselsstraff og blitt dømd til å betala pengeerstatning --?). Dette hende etter at skulen var flytt til Skeie. Det må ha vore heilt i slutten av 1800-talet. Ein gruvearbeidar fortalde meg historia. Han hadde sjølv sett det som hende. Elevane hadde skriving i skuletimen. Læraren sat på kateteret og las avisa. Men ingen visste at han hadde eit kikkehol i avisa. Ein av gutane gjorde noko ulovleg, og ingen trudde at læraren såg det. Brått sa læraren at gjentene kunne gå heim. Men guten måtte gå ned til han Sivert Dalen og kjøpa ein bjørkelime. Og så måtte han kneppa ned buksa og fekk ris på blanke baken, fortalde gruvemannen, som såg det heile saman med dei andre gutane i klassen. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||