Tirsdag 20. November 2018 - 13:31  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Løp

Mål for smør, brukt om skyld på jord. 1 løp smør = 17,93 kg.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Utskriftsvennlig format Tips en venn

Namneliste

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 75_2_101
Skrevet av Thomas Kvalevaag - 15.05.2008

Liste over stedsnavn i Kvalavåg utarbeidet av Tomas Kvalevaag.

 


1 Liå
Gardsbruk. Er det største og skal være det første bruket i bygda. Heilt til omkring 1960 var det høge ospetre og poppel. Oppetter skråningane var det hassel og rogn.

1b Beismyr
Søre enden av Hølen.

2 Rabbadalen
Dyrka slette.

3 Høydalen
Dyrka slette.

4 Badnavikslettå
Ei lita slette mellom haugar og trær.

5 Smiehaugen
Haug mellom bnr.1 og bnr.2.

6 Bråtane
Flate med stup ned mot sjøen.

7 Sørhaugen
Naturlig skifte mellom bnr.1 og bnr.5.

7a Eldhusberget
Søndre del av Sørhaugen. Går loddrett ned mot vegen.

8 Sjoarbrekkå
Bratt jordskråning. Før vegen var lagt langs Eldhusberget var dette snarvegen til sjøen frå bnr.1 (Liå).

9 Høydalsliå
Lun slette med lauvtrær på begge sider.

9a Høydalen
Ei lita slette med god jord for poteter.

10 Rabbadalsliå
Ei lita slette med god jord for poteter og korn.

10a Rabbadalslettå
Ligg parallelt med 9 Høydalsliå.

11 Gjerde
Grundlendt mark mellom utemark og heimebø. Beitemark.

12 Lebakken
Bratt bakke ned mot myr.

13 Steindalen
Smalt dalføre. Nederst i dalen er gammal hustuft med hage, omgitt av steingjerde. Er nå rasert.

14 Kolagruva
Vanskeleg å veta kva namnet skriv seg frå.

15 Skofleberget
Høgt berg med utsikt mot havet. Her kunne ein sjå ut mot Utsira, Ferkingstadøyane og Urter.

16 Skofledalen
Slett slette mellom to høgder. Åpen bekk skil sletta i to. Under 2. verdenskrig var vestre del av sletta minelagt.

17 Frauhaugen
Haug på vestre del av Skofledalen. Var beplanta i 1820- og 1930-åra.

18 Loverensaslettå
Ei lita slette med rester etter hustuft. Namnet er etter ei kvinne, Loverensa, som budde her. Hustufta vart fjerna i 1946.

19 Fraustølen
Jordstykke som høyrde til Loverensa.

20 Sjøhuset
Gammal bustad med sjøbu i underetasjen. Det budde opptil 3 familiar i huset i gamle dagar.

21 Klubbahaugen
Høg haug med utsikt over heile bygda og ytre og indre hamn.

22 Klubbavegen
Vegen ut til kaiplass og sjøhus.

23 Nausthaugen
Haug like ved naustet.

24 Eldhushaugen
Haug ved eldhuset til bnr.1.

25 Løhaugen
Haug ved løa til bnr. 5.

26 Brekkå
Bratt bakke frå garden til sjøen.

27 Småstølane
Lite gardsbruk. I gamle dagar høyrde dette til bnr.1.

28 Stølen
Plass i utemarka, der dei samla kyrne for melking morgon og kveld.

29 Lebakken
Leirbakke like ved utmarksgjerdet. Bratt bakke ned mot Hølen.

30 Nedre Holmemyr
Dyrka jord.

31 Øvre Holmemyr
Myr.

32 Holmehaugen
Med god utsikt over inn- og utmark.

33 Vintragrøno
Myr. Fin grønn slette like ved.

34 Tre
Gammal hustuft. Ingen som lever i dag kan fortelja om kven som har budd der. Ca 150 m bortafor ligg ein grunnmur, brukt til sommarfjøs.

35 Rothaugen
Like i nærleiken ligg ein haug som vart sprengt bort for ein del år sidan. I gamle dagar sa dei at huldra budde i haugen.

36 Fjosdalen
Dyrka jord. Under dyrkningsarbeide vart her funne fleire pilspissar og liknande. Oppbevart ved Arkeologisk museum i Stavanger (AmS).

37 Porsadalen
Dyrka jord like i nærleiken av Fjosdalen.

38 Hallfjordingen
Dyrka myr.

39 Hanaberslettå
Dyrka myr. Ligg like ved sjøen. Bnr.1.

40 Hanabershaugen
Ligg rett opp for Hanaberslettå.

41
Haug med god utsikt over austre Kvalavåg.

42 Stølsdalshaugen
Bratt berg. Naturlig skille mellom to bruk, bnr.4 og bnr.3.

43 Stølsdalsliå
Li med fleire treslag. Vart brukt til stemneplass om sommaren.

44 Stølsdalen

45 Storehaugen
Utsikt over austre Kvalavåg.

46 Kjeldehaugen
Like ved haugen ligg ei gammal vasskjelde, som aldri vart tom. Vatnet var like klart, sommar som vinter.

47 Hellesmauet
Smalt dalføre ved fylkesvegen. Før 2. verdenskrig var her grind, kalt ”Kjørkelé”.

48 Hellesmaumyr
Gammal torvmyr.

49 Lassafe
Gammal torvmyr.

50 Lassafemyr
Gammal torvmyr.

51 Indre Lassafemyr
Gammal torvmyr.

52 Ostaberdalen
Myr og ulendt terreng.

53 Fletteplasset
Frå gammal tid var her truleg husmannsplass.

54 Stokkedalsplasset
Husmannsplass, også kalt ”Rasmusplasset”.

55 Grashaugen

56 Sveinemyr
Torvmyr

57 Kvednabekken
Langs bekken sto fleire kvernhus, som vart revne av uvedkomne rundt 1950-åra. Her vart male korn fram til 1925.

58 Knutaplasset
Husmannsplass. Ein del av hustuftene står framleis.

59 Briktaplasset
Husmannsplass. Hustuftene står framleis.

60 Strompeplasset
Husmannsplass. Hustuftene står framleis.

61 Vassnes

62 Hockingsgrua
Gruve, som er tildekka. Ein engelskmann dreiv denne gruva. Det er fortalt at gruva var 40 m djup. Stegane sto heilt opp til den vart fylt frå toppen. Det vart bygd ei hytte også.

63 Moldbakkane
Myr. Eigarane kjørte mold herfrå heim til gardane sine.

64 Kvednabekken
Sjå 57.

65 Jokumsplasset
Husmannsplass. Tuftene sto til 1970-åra, då her vart bygd hus.

66 Jokumsbråte
Ulendt med knausar. Ligg like vestanfor Jokumsplasset.

67 Sandviksklubben
Lite nes. Her er nå utlagt til båtstø.

68 Hanabergshaugen
Berg, som ligg i skiftelinja mellom Neset og Skarvaberget.

69 Grashaugslettå
Kupert.

70 Sandvik
Strand. Opptrekksplass for båtar. Eldre uttale: ”Sandvikjå”.

71 Nakken
Nes. Uttale frå gamalt: ”Nakkjen”.

72 Minebrekkå
Bakke. Ein del av bygdavegen.

73 Kjerringtre
Jordstykke. Ein del av ”Nesajordå”.

74 Kalvatre
Jordstykke. Ein del av ”Nesajordå”.

75 Neset
Gardsbruk. I 1983 var størstedelen selt til hustomter.

76 Tuene
Gammalt plass. Hustuftene står att.

77 Huldrahaugen
(Ukjent for folk flest.)

78 Kråkehaugen
(Ukjent for folk flest.)

79 Opp-ned-bakken
Akebakke. Vart brukt som kjelkebakke, når snøen vart liggjande.

80 Tresshaugen

81 Legdahaugen

82 Kjerkå

83 Aurdalen
Dalføre med dyrka jord.

84 Grudviksdalen
Dalføre med dyrka jord.

85 Grudvika
Folk seier også ”Grodvikjå”.

86 Kisteskjæret
Liten holme. Der var det lett å dra opp hummarkister og krabba- og fiskekister.

87 Tyttebærsholmen
Holme som høyrer til bnr.5. Her veks sjeldne sjøblomar.

88 Flataberget
Skrått fjell ned mot sjøen. Det var vanleg å tørke sildanøtene her.

89 Grønavik
Vik, båtstø. Blir oftast kalt ”Vikjå”.

90 Skarvabergsvik
Båtstø. Gir ly for vestavind.

91Sundaholmen

92 Tennholmen

93 Smalatangen


94 Notaberget
Her vart nøter og garn turka før i tida.

95 Mortasteinen
To store steinar ligg oppå eit lite skjær.

96 Dynå
Skjær med stake.

97 Gulenakken
To små nes. Kallast også ”Gule Nakkane”.

98 Skoflå
Bratt berg ved sjøkanten. Åpning under. Ser ut som ein heller.

99 Dueberget
Bratt berg ved sjøkanten.

100 Melkevik
Grunn sandstrand. Før i tida mykje brukt til båtopptrekk.

101 Briktavik

102 Brandøy
Beplanta øy. Dei gamle sa at øya var oppkalt etter ein mann som hette Brand og hadde budd på øya. Hustuftene står framleis.

103 Dammen
Vik eller våg.

104 Øyavika
Før i tida rek mykje havrekster inn her.

105 Sputtesundet
Grundt sund.

106 Setningsholmen
Større holme.

107 Jomfruene
Større holme.

108 Jomfrusundet
Sundet mellom Ytralandsneset og Jomfruene.

109 Småholmane
Fleire små holmar.

110 Ørnaberget
Bratt berg ved innløpet til Hindervåg. Her har alltid villfugl hatt reir. Så kom hauk, ravn og ørn. Berget er fullt av avsatsar med forskjellige buskar og vekster, som gir godt skjul for fuglar.

111 Geitahola

112 Tressvik

112b Tressvikberget
Bratt berg.

113 Tressvikkloven

114 Øyaflunå
Undervasskjær.

119 Osafluene

120 Svarteholmen
Holme med seglmerke.

121 Skarvaskjær
Flatt skjær rett vest for Skarvaberget. Der sat det ofte skarv.

122 Austre Kvitingane
Større holmar, som tidlegare sikkert har hatt eigne namn.

122b Vestre Kvitingane
Mindre holmar.

123 Pulså
Lite skjær. Her brekker sjøen til stadighet.

124 Kvitingskjære
Skjær med stake.

125 Butarskoltane

126 Sandholmen
Større holme ved innsiglinga til Vedavågen.

127 Skinnbukså
Skjær, kor sjøen brekker til stadighet.

128 Havnavik

129 Havnavikskjæret

130 Pikhaugane
Tidlegare husmannsbruk. Utskild frå Vikene.