Søndag 14. August 2022 - 17:22 | ||||
SøkLinker i nettsidene Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk) Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu. Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks". Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web). FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet. ![]() |
Tunet på VikeneDet budde folk på Vikene i 1663. Truleg er buplassen eldre. Slik våningshuset står i dag, skal det ha stått i minst 250 år. I huset finst tømmer som er merkt. Det viser at det kan ha vore flytt frå eit ennå eldre hus.
Peder sine besteforeldre, Johannes og Anne Marta, flytte inn i Vikene-huset i 1838. Det hadde då budd minst åtte familier der tidlegare. Erling Eldorsen har fortalt at når presten skulle overnatta i den veglause fortida, tok han ofte inn i Vikene. Ein av årsakene var at det var godt med husrom der. Når ein veit at det frå før var åtte personar i huset, kan ein undrast på slikt. I huset som låg nærast strandkanten budde Magel Kalstø.. Nord for skaret ved Magel sin buplass låg ei kjelda i ei lita hole ved fjellfoten. Den vart aldri tom. Frå denne kjelda hadde dei gjennom tidene også vatn til hovedbruket, som i tillegg til vask og koking hadde ein bøling å brynna. Etter uverstider med pålandsvind var det ”havrekster” å finna i viker og skar. Det hjelpte godt på til all koking og oppvarming. Løa og sjøhus stod til den siste krigstida. Tyske tropper inntok Vikene og store deler av Kvalavåg våren 1941. Når vinterkulden kom vart løe og sjøhus brukt til brensel. Frå fyrste krigsåret vart ledige hus okkuperte, og det var straks å frykta at Vikenehuset skulle bli tatt. Skomakarutstyret var på nordre salen. Johannes Vikene hadde nok langt på veg vore sjølvhjelpen med skoty til seg og sine. Det var kjenslemessig vanskelig å bera noko av inventaret vekk. Alt stod på sin plass, og høyrde til nettopp der, - og ellers var det jo ikkje sikkert at huset vart tatt. Det vart sett ein hengelås på lemluka. Men ein hengelås stansa ikkje den tyske hærmakta, og omtrent alt av innbu forsvann. Hus, eldhus og potetkjellar står ennå på høgda, utan livd frå nokon kant. Husa høyrer til på haugen, og bør ha sin plass vidare. Dei ber vitnemål om ytre kår som for nåtids-menneske er utenkelege. |
|||
Webdesign av Ivar Stange | ivarstange /æt/ gmail /dot/ com | ||||