Torsdag 15. November 2018 - 20:30  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Tak

(Bjørke)never til tekkjing av tak. Brukt som skyldeining.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikene >> 7_1 Fortellinger og sagn >> Bondebrudloppet i Vikene
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Bondebrudloppet i Vikene

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 76_7_101
Skrevet av Elias Vaage - 15.05.2008

Denne historia om ”Bondebrudloppet” i Vikene har eg munnleg frå ein som var med i det brudloppet, då han var 8 år gamal. Han heitte Endre Hinderaker (”Indre Bakkjen” vart han kalla). Den gongen eg var innom han på Hinderåker i Avaldsnes i 1945-46 var han om lag 95 år gamal.


Gamle Endre sette seg vel til rette i gyngestolen, strauk seg over gråskjegget, vippa nokre gonger fram og tilbake med stolen. Så fortalde han levande og engasjert frå gamle dagar, då han var ung og arbeidde på det gamle Vigsnes Kobberverk.

   At eg er blitt så gamal, seier han, kjem av at eg fekk morsmjølk til eg var 4 år. Men så ein dag kom han gamle Risviken vest på Tre innom. ”Du må slutta med det dere nå”, sa han til mora. Og så fekk ho ein tjøreklut av han til å bitta på seg. Men då vart det slutt med goddråpen, fortalde han Endre humørfullt.

   Ja, gamle Endre hadde tru for at han kanskje fekk leva til Jesus kom att. Noko han trudde ikkje kunne bli så lenge til. Han døde 98 år gamal. Han hadde i alle år vore ein bedehus- og kyrkjemann. Og i sundagsskulen var han med til langt opp i åra. ”Salige er de døde som dør i Herren”.

   Han vippa fram og tilbake nokre gonger med gyngestolen. Og så fortalde han om då han som 8-åring fekk vera med i brudloppet i Vikene Det var fordi eg var bror til brudgommen at eg fekk vera med, sa han.

To sorter brudlopp
Det er to sorter brudlopp, seier han. Det eine heiter ”sluskebrudlopp” og det varer berre ein dag. Det andre heiter ”bondebrudlopp” og det varer i tri dagar. Det var ekte bondebrudlopp dei hadde den gongen i Vikene, fortalde han. Han stussar ikkje på noko, nå han fortel om opplevingane frå den gongen.

   ”Bessen” (bestefar) din, han Kolbein Skeie og dei 4 syskina hans, er alle fødde i Vikene. Den eldste, Marta (f. 1840) – ho som skulle stå brur – hadde to friarar. Og ho fekk dei båe to, fortel han Endre. Å -, korleis kunne det gå til, ville eg vita.

   Jau, ho måtte jo gjera eit val. Og då valde ho han Kolbein, bror min, seier han. Kolbein var odelsgut. Han hadde hus og gard her på Hinderåker. Men dei fekk liva saman berre i 4 år. Så døde Kolbein. Etter ei tid gifte ho Marta seg oppatt med den andre friaren.

Dei drog vestover
Og det brudloppet han Endre no fortalde om, forstod eg hadde vore ei stor oppleving for han, som han ikkje kunne gløyma. Han fortalde at dei drog vestover til Vikene fredag ettermiddag. Dei som drog kalla han for brudgommen sitt ”ferdalag”. Vegen (stien) gjekk gjennom utemarka, så dei måtte vera godt skodde. Somme bar på ein klesbylt, andre bar på ei ”beiningetina”.

   Stien gjekk langsmed Visnesvatnet, forbi Sumrafjellet, gjennom Støladalen, over bekken frå Grodvatnet, gjennom Revadalen, framom Rambaskårfjellet, og ned til vegen som fører til Vikene, der brudloppet skulle stå.

   Han Endre held fram med stor begeistring og iver, som om han skulle oppleva det på ny.

   Dei hadde ein fin skikk i den tida i somme brudlopp, fortalde han. Og no, då eldste dottera skulle gifta seg, tok dei i bruk denne gamle skikken.

   Då brura og gjestene (ferdalaget) sat og venta på at brudgomen og ferdalaget hans skulle koma aust i markene, sende dei ut speidarar. Dei gjekk like opp på Rambaskårsfjellet, for der kunne dei sjå heilt til Breidemyr og Støladalen.

   - Sjå der! Der nede kjem dei!

   Så sprang dei tilbake til brudehuset. Dei lukka døra opp på vid vegg, og ropa inn:

   - Brudgommen kommer, gå ham i møte!

   Og straks gjorde brura og alle som kunne seg i stand og drog ut for å møta brudgommen og ferdalaget hans. Der oppe ein stad vestom Rambaskårsfjellet møttest brud og brudgom og ferdalaga deira. Og så gjekk dei samla heim til huset der det skulle haldast fest. Og alle gledde seg.

   Eg måtte sjå i undring på denne ærverdige gamle i gyngestolen, med grått hår og skjegg, med 95 år på nakken og med ei forteljargleda som nokon kvar kunne missunna han. Og her sat eg, ein ungdom framføre ein gamal mykje røynd heidersmann. Han lot ikkje høvet gå seg forbi, men minna den unge gjesten sin om bibelske sanningar og alvorsord --.

Sjølve brudloppet
   Og så fortalde han om sjølve brudloppet som tok til laurdagen. Bror til brura, han Gudmund, var to år eldre enn meg, seirer han. Me vart gode kameratar med ein gong. Og straks det vart lyst om morgonen, sprang me ned til Vika-stranda og fann fine steinar å leika oss med. Men så kom stunda då me skulle gjera oss i stand til kyrkjeferda.

   - Ja, då -, seier han. Alle måtte vera fint kledde. Det finaste dei hadde. Kyrkjekler, nypussa kyrkjeskor og vasskjemba hår måtte til. Brura og brudgomen var no aller finast i dag. No var alt klart. Munnskjenken og kjøgemeisteren var komne.

   Og felespelaren var på plass med fela. Dei kalle han ”Fele-Johannes”. (Han kom frå Vårå, og busette seg seinare i Visnes). Fele-Johannes gjekk framføre og spela og brudefylgjet kom etter i rekkje og rad. Det var truleg sokneprest Otto Ludvig Sinding som stod for vigslinga i den gamle ærverdige Avaldsnes kyrkje. Kanskje hans siste brudevigsling. Han slutta som prest i Avaldsnes i året i 1860.

   Kokkane heime var i full gang med brudlopps-middagen. Ekte kjøtsodd. Kokt i den gamle gruva, som står der den dag i dag. Han Endre kunne enno minnast den gode middagen. Men han Johannes, far til brura, hadde gitt munnskjenken ”streng” beskjed at han ikkje måtte la gjestene få for mykje av den sterke sorten. Dei skulle ha eit verdig og gildt brudlopp. Og slik vart det.

   Etter middagen vart det kaffi og godbitar. Og leikar for store og små vart heller ikkje gløymd, fortalde han Endre.

   Sundagen held brudloppet fram. Middagen var fersk fisk og levradopp. Til kaffi lefsa, mandelsnittar og mykje anna godt. Til kvelds var det smørgraut og noko godt attåt.

   Den siste dagen av bondebrudloppet, mandagen, var heimreisedag. Då slapp me å reisa med tome magar. Gode og mette av mat og mange gilde opplevingar drog me heim, glade og fornøgde. I brudegåve frå foreldra fekk Marta 100 dalar og ei ku, fortalde han Endre til slutt.

Om gjestene
Kven som var i brudloppet og alderen deira fortalde han Endre sjølvsagt ikkje. Men med ei så stor slekt, må det ha vore folksamt. Og i Vikene hadde dei ikkje ord for å vera ”knuslete”, nei.

   Foreldra til brura var Anna (47) og Johannes Gudmundsen Vigene (46), brura Marta (20) og brudgomen Kolbein Hinderaker (24). Dei andre borna i Vikene vart besteforeldre og oldeforeldre til mange som lever i dag (1995): Kolbein Skeie (16), Berta, gift Ytreland (13), Gudmund Kolnes (10) og Anna, gift Eriksen, Haugesund (3).

   Brura hadde mange slektningar rundt om i distriktet. Tanter, onklar og syskinbarn på Ytreland, Sund, Skår og Kallevik. Og ein morbror på Kolnes. Med naboar og vener i tillegg må huset i Vikene ha vore fullt brudloppsdagane.

   På brudgomen si sida kjenner me ikkje mange som var i ferdalaget hans. Forutan brudgomen og bror hans, veit me berre namna på foreldra deira: Knut Hinderaker (50) og Elisabet (49).

   At det må ha vore eit stort og gildt brudlopp, det har han Endre Hinderaker gitt uttrykk for. Etterslekta som stammar frå Vikene, lyt ta vare på denne forteljinga hans.

Om Fr. Kolstø og Vikene
Johannes Gudmundsen og kona Anna hadde 5 barn, som vist ovanfor. Alle er fødde i Vikene og vaks opp der.

   Dessutan tok dei til seg Ingeborg Nilsdatter, Dalen, Utvik. Anna var tante (moster) til Ingeborg. Borna i Vikene og Ingeborg var altså syskinbarn. grunnen til at Ingeborg fekk koma til Vikene var at mor hennar døde tidleg. Dei var 8 barn. Dei to minste var berre 2 år og 5 år. Ingeborg var 8 år då ho kom til Vikene. Ho vart verande der til ca 18 års alderen.

   Seinare blei ho gift med handelsmann og og bankrevisor i Haugesund, Østen Kolstø frå Avaldsnes. Dei vart foreldre til kunstmalar Fredrik Kolstø. Han blei fødd i Haugesund og var ca eit halvt år då bondebrudloppet vart halde i Vikene i 1860.

   Mora Ingeborg hadde nok hatt lyst til og vore i vikene den gongen og fått vist fram den vesle fine guten dei hadde fått. Men den lange vegen fram og tilbake er det forståeleg om ho ikkje var i brudloppet.