Tirsdag 20. November 2018 - 13:13  

Søk

Google

Artikkel- og forfattersøk

Linker i nettsidene

Noen leder deg videre innenfor n-kh.no. De åpnes i det vinduet du er i. Siderammen og toppen beholdes dermed. (vil du lage nytt vindu: skift+museklikk)


Fremmede nettsteder du lenkes til, åpnes i nytt vindu, for å ikke fjerne vårt vindu.


Musepekeren aktiverer eventuell "forklarende boks".


Hensikt: informasjon lenkes sammen over Internett ved hjelp av hyperlenker, til ytterligere kunnskap og informasjon på verdensveven (World Wide Web).


FrØ-bladet i skjermversjon er utstyrt med samme redskapet.

Tilfeldig ord/uttrykk:
Gardsnummer

Nummer på ein matrikkelgard i ei bygd.

Se hele oversikten her.


adobe reader

Gard & bygd >> Vikene >> 7_3 Sanger og stev >> Song om Vikene
Utskriftsvennlig format Tips en venn

Song om Vikene

Tips: Klikk på evt. småbilder så åpnes de i et nytt vindu.
Referanse: 76_7_301
Skrevet av Aadne Utvik - 10.05.2008

Denne songen vart skriven til slekts-stemnejubiléet 1948-1988 i Vikene.


Tone: ”Mellom bakkar og berg …”

Song om Vikene

På ei strime av fjellgrunn mot havet

våre fedre si livsstund fekk lagt.

Her fanst føda ved slitet og kavet,

med naturen si urkraft i pakt.

Det var båten, med garn og med snøre,

som låg dagstøtt i tanke og sinn,

og det kunne vel røyna humøret

når det hausta med veke-lang vind.

For når havet mot strendene strøymde,

med si bylgje med kvitfakset på,

slik at skumråket ”Småskjerå” gøymde,

var det berre å venta og sjå.

Straks det spakna, til naustet gjekk veien,

og han far tok om årane tak.

Ut på ”Stråkå” og ”Grunnen” beit seien.

Innom ”Lamholmen” duppa eit ”vak”.

Men når kvalen vart sett ifrå haugen,

med si blåsing og jaging frå vest,

då fekk notbåten foss framom baugen –

då kom silda, den gjevaste gjest.

Før det dagast kom stellet i fjoset,

der var bøling om ikkje så stor.

Det blei rauting når talgelykts-ljoset

kom inn døra i handa ’nas mor.

Det var høystrå-rasjonen som venta,

men når frostvinden kulsa kvar kropp,

vart frå eldhuset ”varmbrynning” henta,

med eit lett-strøk av byggmjøl på topp.

Ho laut hasta som mat skulle bera, -

der var også i stova ein flokk.

Kvar ein ting skulle hendene gjera,

i frå gruva til vev og til rokk.

Det vart sommar og helg over vika.

Det sprang berrføtte born over strand.

Eit par måkar mot blåhimlen skrika.

Burt i bukta der dukka ei and.

Der låg båten så stillt i sitt feste,.

Opp mot løvegg stod rive og ljå.

Dei drog tidleg, og kledd i sitt best,

dei som mila til kyrkje sko’ gå.

Som det lyddest til slekter, dei fleste,

fekk dei med seg dei bærande ord:

Du skal elska din Gud og din neste.

Du skal æra din far og di mor”.

R.S.

(Kommentar: R.S. tyder Rasmus Skeie.)